Jepp, endelig å finne på Biltema og.
Ikkje sikker på når dette vart tilgjengelig, oppdaga det nettopp sjølv.
Den billigaste varianten (kjøpte denne då dei ikkje hadde rett lengde av den dyrare varianten akkurat då) kostar henholdsvis 90,- for 19" og 100,- for 26". Desse har "multifeste" som passar til fleire festeanordningar, så dei passar ikkje like godt estetisk som originalt, men dei fungerar i alle fall 100% bedre enn originalviskar. Trur det er desse:
http://www.biltema.no/no/Bil---MC/Bilreservedeler/Viskerutstyr/Vindusviskere/Viskerblad/Viskerblad-58245/
Den dyrare varianten (Ultrablade) kostar 159,- per viskar. Her skulle ein vist kunne bruke den same som er kort frame (19") også bak ifølge oversikten, men dete stemmer ikkje. Sjølv om den passar i feste på armen når ein tar av festet på viskarbladet, blir den alt for lang. Har ikkje tatt mål av bakviskaren, men vil anta 15-16" kanskje. Huskar ikkje om denne var tilgjengelig.