Eg hadde nokre merkelege og litt småstressande opplevingar med min 2007 mod Mondeo 130 HK automat MK4 i dag.
Kom køyrande frå Stord til Bergen. Over ein hump ved Mannsverk berre stoppa motoren. Berre kutta ut av seg sjølv. Eigentleg merka eg det ikkje, då radio o.l. fortsatt fungerte. Men merka at rattet plutseleg vart tungt, og at det ikkje var respons når eg gassa. Eg fekk trilla inn til sida, og slo av tenninga. Slo på tenninga igjen, og alt virka som det skulle. Merkjeleg.
Deretter køyrde eg dei 750 metrane heim, og parkerte. Nokre timar seinare skulle eg ut og handla med kona, born og svigerforeldre. Køyrer til Lagunen, ingen problem. Køyrer heim igjen, og nedover ved Fantoft byrjar bilen å juksa igjen. Men motoren slår seg ikkje av.
Når eg kom heim påpeika dei som gjekk ut bak at det lukta svidd klutch. Eg merka ingenting, eigentleg. Men når eg kom bak bilen, merka eg og den lukta. Starta bilen igjen, og opna panseret, men merka ikkje noko med ein gong. Men etter nokre minutt kom den lukta igjen.
Om det har nokon samanheng med stoppinga veit eg ikkje, men er det nokon her som har hatt liknande opplevingar:.? Det nøraste eg har vore er ein gong eg køyrde til Voss, då byrja motoren i juksa i nokre sekund, men det var det. Då køyrde eg med cruise controllen på.
Nokon som har nokon tips til kva dette kan vera? Må eg berre ringa Kverneland og få bilen inn på verkstad på måndag, eller kan eg venta til eg skal ta 60.000 km service om eit par månader..?