Klubb for Mondeo entusiaster, hovedsaklig i Norge, men alle er velkommen!
 
IndeksIndeks  CalendarCalendar  HjelpHjelp  SøkSøk  Bli MedlemBli Medlem  MedlemslisteMedlemsliste  GrupperGrupper  Logg InnLogg Inn  

Share | 
 

 RunFlat-lureri.

Vis Forrige Tema Vis Neste Tema Go down 
AvInnlegg
Inbreak
SuperMondeoMann
SuperMondeoMann


Antall Innlegg : 491
Location : Bergen
Registration date : 19.11.2008

PosteTema: RunFlat-lureri.   16/9/2010, 21:38

Vil oppfordre alle som veit dei skal ha originalmonterte runflatdekk og trur dei skal ha det til å sjekke om det faktisk er det dei har.
Eg har heile tida trudd det var det eg fekk bilen levert med (bekrefta av forhandlar før eg kjøpte bilen), og har no køyrt bilen 20k km på sommardekka i den tru. Har f.eks vore på køyretur til Tyskland eit par gangar og kasta ut ministepphjulet for vekt og plass sin del i den tru at eg hadde runflat, og reservehjul då var unødvendig (ministepphjul har akkurat same begrensningar som punktert runflatdekk).
I dag var høgre framhjulet plutselig flatt, ei lita "revne" på 3-4 millimeter i det eine langsgåande sporet, korleis det no enn har skjedd.
Ringte nærmaste dekkforhandlar og undersøkte om det var mulig å plugge det, noke det skulle.
Sidan eg "viste" eg hadde runflatdekk køyrte eg avgårde slik, gadd ikkje legge om til ministepphjulet då det regna trollkjærringar ute, og bagasjerommet var fult av utstyr. Og runflatdekket skulle jo liksom ikkje ta skade av det, og det var berre eit par kilometer køyring.
Køyringa gjekk veldig fint, ikkje nevneværdig tung på rattet, men litt sleip i svingane.
Vel framme konstaterte kundebehandlaren med ein gang at det var ikkje noke runflatdekk på min bil, og etter demontering viste det seg at køyringa hadde ødelagt dekket fullstendig, sikkert ein liter med små gummispon innvendig.
Så i staden for å betale 400,- for å plugge eit dekk som har gått 20k og etter mønsteret å dømme har omtrent det same igjen av levetida, vart det 3600 for 2 nye dekk framme. Alt fordi eg har blitt lurt til å tru eg hadde runflatdekk. Hadde eg vist eg ikkje hadde det hadde eg selvfølgelig aldri køyrt avgårde uten å legge om til ministepphjulet, og heller fått plugga dekket. Og tanken på at eg har lagt ut på den turen, køyrt bilen masse uten reservehjul i bilen, og potensielt risikert liv og helse i værste fall, gjer meg steike forbanna.
Dette er rett og slett svindel og lureri, og det skal ikkje gå stille for seg i dørene med forhandlar etter dette.

Så er du ikkje 110% sikker på du har runflatdekk, men berre trur det, så sjekk opp først som sist, før det er for seint....
Til Toppen Go down
Vis Medlemmets Profil
 
RunFlat-lureri.
Vis Forrige Tema Vis Neste Tema Til Toppen 
Side 1 av 1

Permissions in this forum:Du kan ikke svare på temaer i dette forumet
Norwegian Mondeo Club :: Mondeo 2007- 2015 (MK4) :: Felger og dekk-
Gå Til: