Tar ikkje mange minutt før dekktrykket blir oppdatert.
Ver dog oppmerksom på at eit sett med nye sensorar kostar godt over 5000.
Rett og slett svindelprisar, sett i forhold til at heile dekktrykkopsjonen kostar 2500 på ny bil.
Eg fekk forespegla ca. 2000 når eg bestilte eit sett ekstra når bilen var ny, men fekk presentert ei rekning på 5500 etter kvart, som eg nekta å betale. Ga meg ikkje før dei nedjusterte til 2000.
Synst eigentlig det er litt rart det ikkje følger med eit sett ekstra når bilen er ny, i alle fall her i Norge der det er nesten garantert å ha eit sett med både sommar og vinterhjul.
Det hadde faktisk vore meir "overkommelig" å betale 8000 for dekktrykkopsjon om det var med eit sett ekstra sensorar, enn å betale 2500 + 5500, i alle fall om ein ikkje viste kva sensorane eigentlig kosta.
