09-modell har dette som auto ved låsing med bil, men det er også her manuell mulighet som ved tidligare. Men denne vil jo kun vere brukande når du allereide er i bilen når dei likevel alltid blir felt inn ved låsing. Har ikkje hatt problem med innfelling så langt i kulde og snø, men er meir betenkelig med tanke på lenger sikt når ting er meir slitt og belasta. Kunne godt tenkt meg at Ford hadde gitt mulighet til litt / ein del meir innstiling av diverse preferansar sjølv via conv+ f.eks. Av / på innfelling av speglar, av / på xenonlys, +++. I disktriktet f.eks er det gjerne ikkje så nødvendig med innfelling av speglar som i by, så då er det unødvendig å slite på dette heile tida. Broderen har ein 2 år gammal c-klasse, og der er det ein heil del muligheter for slike innstilling. Kunne og tenkt meg muligheten til å kople ut regnsensoren og heller berre bruke justering av vanlig intervall i staden. I mange tilfeller fungerar ikkje regnsensoren i det heiletatt, og er heilt på bærtur. Då blir det heller kopla over på rolig kontinuerlig visking, der eg heller kunne tenkt meg intervall.
Men til det siste spørsmålet, det går vel ikkje å kople ut innfelling sjølv. Då må du vel få verkstedet til å gjere det, og sikkert betale deretter.